Om Jon Solberg A/S Beslagfabrik

Om Jon Solberg A/S Beslagfabrik

I 1891, i ein kjellar i Haukeli på Osterøy, starta Lars Nygaard opp med lås produksjon. I 1897 selde han smia til svogeren sin, Johannes Solberg.

I alle år måtte han stadig finna på nye ting for å halda bedrifta i gang . Låser, ganesakser, rorblokker, filsliping, spiker, galvanisering, tising, hengsler, renneband osv.

Johannes dreiv smia fram til andre verdskrigen var slutt. Då overtok eldste sonen, Jon. Han bygde ny fabrikk på Hatland ved kommunesenteret i Lonevåg.

Kring 1970 overtok sonen Johannes. No er det sonen til Johannes, John, som leier bedrifta.

Eigne produkt og delproduksjon til annan industri, er viktigaste virksomheten til bedrifta.

Sveising, stansing, boring, dreiing, fresing, plateklipping, smiarbeid, galvanisering, er noko av det me tar på oss for bedrifter over heile landet. I små og større serier. Fleksibilitet er viktig for oss.

Me ligg sentralt til, ca 40 minutter med bil frå Bergen sentrum, i moderne, romslige lokaler.

© 2012 | Jon Solberg A/S Beslagfabrik | Tel: +47 56 19 39 39 | E-post: solberg@beslag.as